Læringstøttesystemet Kark har vore på nett sidan Internett vart tilgjengeleg for folk flest. Som ide skriv Kark seg frå 1993 og dei første oppgåvene blei leverte og diskuterte i 1994.

Kark legg til rette for innlevering via www og diskusjon direkte i nettlesaren. Systemet er utvikla ved Historisk institutt ved UiB. Fra starten av til internt bruk, men etter kvart kom fleire institutt ved UiB til å bruka Kark. Stockholms universitet, Københavns Universitet og Universitetet i Oslo brukte også Kark då dei byrja å eksperimentere med 'nettstøtta læring'.

Frå Kark blei tatt i bruk som verktøy i UiB sitt lms Mi side i 2006, har om lag 150000 emnestudentar levert ca. 500000 oppgåver til rundt 2000 forskjellige emne.

.