Forord

Denne oppgåva er på mange måtar eit produkt av det innovative edb- og historiemiljøet i Dokkeveien. Først og fremst fordi eg sidan mellomfaget i 1996 visste at eg ville publisera hovudoppgåva mi på Internett. Etter å ha studert kunsthistorie kom eg på ideen om å nytta meg av bildekunst som historiske kjelder. Dermed hadde ein svært god grunn til å nytta meg av dette mediet. Utruleg nok fekk eg Jan Oldervoll med på dette, i utgangspunktet, svært usikre prosjektet. Tusen takk for ei usvikeleg tru på meg og oppgåva, og ikkje minst for stimulerande rettleiing og god oppfølging på mellom- og hovudfag!

Dernest vil eg takka Kjersti for sosiale kollokvium, fysisk fostring og god vennskap. I tillegg vil eg takka Anette Skogseth Clausen for god hjelp med filminga av kjeldene og Bente Kopperdal for hjelpa med å lesa store kunstnarar si uleselege handskrift. Utan manuskriptseminaret til Edgar Hovland og Harm Schröter hadde eg ikkje blitt ferdig denne våren. Særleg takk til Hovland for gode tips og hjelp til å finna andre kjelder. Dessutan vil eg takka Renate for å ha lytta til mine opp- og nedturar i innspurten, og Grete for framsida.

 

Bergen, 14.05.01

Cecilie Boge

 

Neste del