Nasjonsbyggar eller sosial klatrar?
Chr. Tønsberg og Norske Folkelivsbilleder

(…) – igaar saa jeg nemlig Tableauerne for anden og sidste Gang – nei, saa lykkelig som jeg var! – Saa deiligt! deiligt! deiligt som det er! Jeg maa fortælle lidt ordentlig denne Gang – det første Billede var det af Gude og Tidemand, som endnu ikke er færdigt: "Aftenstemning i Hallingdal". Stemningen er saa mild og deilig og de unge Piger i Baaden saa smukke og tankefulde – Frøken St. som staaer opreist i Baaden er saa deilig og Christine Welhaven seer ogsaa sød ud med Skautet som hænger ned over Halsen og det smilende polidiske Ansigt – Augusta Gude seer ned i Vandet og seer saa tankefuld ud – Frøken Keiser (En Søster til ham paa Jarlsberg) var den minst smukke eller retter den, som havde den minst fordeelagtige Stilling (…) og nu Vandet, saa stille og glinsende i gyldent Skjær og Fjeldet i Baggrunden – og Himlen – Alt saa deiligt, saa straalende herligt! (Gude 1924: 154)

Dette skreiv Betsy Anker, seinare gift med malaren Hans Gude, til mora 31. mars 1849 i rein jubelrus etter at dei viktigaste personane innan norsk kulturliv hadde feira seg sjølve og den norske kulturen på Christiania Theater fleire dagar på rad. I ei storslått framsyning kopla dei ulike kunstartar; Tidemand og Gude hadde mala lerret som danna bakgrunnen for tablå over Brudeferden i Hardanger og Aften på Krøderen[1]. Andreas Munch og Jørgen Moe hadde skrive dikt til, medan Ole Bull og Halfdan Kjærulf stod for musikken. Ikkje ein einaste person av bondeætt var tilstades på desse framføringane, i staden var det tydelegvis slektningar av kunstnarane som deltok.

Det var i denne nasjonale rusen at forleggjaren Nils Christian Tønsberg hadde sine velmaktsdagar. Han hadde allereie på 1840-talet gitt ut eit plansjeverk, Norge fremstillet i Tegninger, med stor suksess. Seinare skulle han gi ut endå fleire nasjonale bildeverk og dermed bli ein av dei viktigaste aktørane innan perioden som Molke Moe døypte Det nasjonale gjennombrot. Omgrepet grunnar i at ein (gjen)oppdaga ein kultur som blei definert som nasjonal gjennom innsamling av folkeviser, folkedikting, rosemåling, folkedrakter og andre tradisjonar ein fann på landsbygda. Men det var ikkje berre nok å finna bevis for tradisjonar, ein trengte også vitskaplege prov på at Noreg hadde vore eit samla folk i lang tid. Ein norsk skule innan historie- og språkvitskapen blei grunnlagt. Med dette oppdagingsarbeidet følgde opprettinga av ulike kulturinstitusjonar som kunne presentera det norske for eit borgarleg publikum.

Dei norske forlaga spelte ei viktig rolle i denne perioden, då dei var ein av dei viktigaste arenaene for publisering av det innsamla materialet. Chr. Tønsbergs Forlag var på midten av 1800-talet det største i Noreg og kjend utanfor Norden. Fleire av dei viktigaste nasjonale bokverka i denne tida kom ut på nettopp dette forlaget, mellom anna Peter Andreas Munchs Det norske Folks Historie, Magnus Brostrup Landstad sine Norske Folkeviser og Henrik Wergeland sine Samlede Skrifter. Kor vidt forlaget kan seiast å vera ein kulturoppdragar er eit interessant spørsmål som ikkje vil bli tatt opp her. Vi skal i staden konsentrera oss om dei nasjonale plansjeverka Tønsberg gav ut. I 1854 kom den første rekkja av eit bildeverk kalla Norske Folkelivsbilleder. Dette var første gongen Tønsberg gav ut reprodusert kunst, og det var også retta mot ein europeisk marknad med tekstar på tre ulike språk.

Tønsberg hadde ei eiga evne til å knyta til seg store kunstnarnamn; Adolph Tidemand har laga dei fleste av bilda til den første rekkja av Norske Folkelivsbilleder, medan kjente forfattarar som Peter Christen Asbjørnsen, Jørgen Moe, Johan Sebastian Welhaven og Ivar Aasen skreiv tekstane til. Maleria var reproduserte som fargelitografi. Særleg forsida, laga av tyskaren Caspar Shceuren, må ha verka overveldande. I tillegg til dei flotte fargane, hadde Tønsberg gått litt opp i format i forhold til dei tidlegare plansjeverka han hadde gitt ut. Norske Folkelivsbilleder er om lag 53 cm x 40 cm og ville ikkje få plass i ei bokhylle, men det var heller ikkje meininga. Plansjeverket er laga for dei borgarlege salongborda der det kunne liggja framme slik at familiemedlemmer og gjester kunne bla i plansjane og beundra dei flotte litografia.

Kjeldene som ligg til grunn for denne oppgåva er nettopp dette plansjeverket, Norske Folkelivsbilleder, som kom ut i tre ulike utgåver i 1854, 1858 og 1861. Dei to første utgåvene inneheld 12 bilde og 12 tekstar, medan den siste utgåva berre har 4 bilde og 4 tekstar. Perioden for utgivinga fell inn under nasjonsbyggingsfasen og det er i dette forholdet fokuset vårt ligg.

Hovudproblemstillinga i oppgåva er å prøva å komma nærmare Chr. Tønsberg sine intensjonar med verket. Kan Norske Folkelivsbilleder seiast å vera ein del av nasjonsbygginga, og var i så fall dette Chr. Tønsberg sin overordna intensjon med verket? Eller finn vi andre intensjonar som verkar meir sannsynlege? Som forleggjar var han svært aktiv og hadde mange kreative idear som han sette ut i livet. Ikkje berre var han nyskapande i Noreg, men han var den første norske forleggjaren som bevisst satsa mot ein større marknad ute i Europa. Tønsberg opparbeidde seg etter kvart ein solid posisjon innan den sosiale eliten i hovudstaden og han var på så god fot med statsmaktene at han i 1857 fekk innvilga eit lån frå Statskassen.

Det er altså Tønsberg sine intensjonar med Norske Folkelivsbilleder som er det mest interessante her. Kan vi ut frå utforminga av verket seia noko om kva eventuelle andre intensjonar var? Som vi nettopp såg, hadde Tønsberg ei nær tilknyting til statsmaktene. I kapittel 1 skal vi sjå om vi finn noko av svaret i dette forholdet. Tønsberg hadde også mange kontaktar innan den øvste kulturelle og sosiale eliten i Kristiania. Kva forhold hadde han til kunstnarane som bidrog til verket, og igjen; kan dette seia oss noko? Dette er temaet for kapittel 2, i tillegg til at vi skal sjå på kva ideologiske straumar som stod sterkt i samtida.

Som nemnt ovanfor var kvaliteten svært høg på dei litografiske trykka i Norske Folkelivsbilleder. Verket var trykt i Tyskland fordi ein i Noreg verken hadde nok kunnskap eller teknisk utstyr til å produsera noko liknande. Kan vi seia noko om Tønsberg sine intensjonar ut frå satsinga på den teknisk høge standarden på fargelitografiet? I kapittel 3 skal vi mellom anna sjå at det no ikkje berre var mogeleg å reprodusera kunst i fargar, i tillegg gjekk trykkinga mykje raskare enn tidlegare, noko som førte til lågare variable kostnader.

Det som gjer dette hovudfagsprosjektet spesielt, er at eg i det avsluttande kapittelet vil analysera bilda og tekstane. Kan vi seia noko om Tønsberg sine intensjonar ut frå det vi finn der? Finn vi bodskap i tekstane og bilda som gjer at dei føyer seg inn i nasjonsbyggingsarbeidet, eller er det andre bodskap som trer tydelegare fram? Kva seier val av bilde oss og ser vi noko mønster i kva type bilde og tekstar som er med? Avslutningsvis i det siste kapittelet vil eg så bruka det eg har funne i oppgåva i ein oppsummerande diskusjon om Tønsberg sine intensjonar.

Det finst svært lite litteratur som omhandlar forleggjar Nils Christian Tønsberg, hovudpersonen i denne oppgåva. Harald Tveterås, forfattaren bak Den norske bokhandels historie, er den som har skrive mest om han. Sidan Tønsberg sitt forlag var det viktigaste i Noreg på eit visst tidspunkt, er han via 12 sider i bind tre av dette verket. Tveterås har dessutan skrive om Tønsberg i Norsk biografisk leksikon. I tillegg til dei opplysningane eg har fått frå denne litteraturen, har eg brukt andre kjelder som private brev til og frå Tønsberg, avisomtalar, Stortingsforhandlingar og dødsbuet etter Tønsberg. I tillegg har eg også sett på andre plansjeverk han har gitt ut.

Sidan delar av kjeldematerialet mitt er noko uvanleg i historisk samanheng, finst det ikkje så mykje tidlegare forsking og metodelitteratur som går på dette emnet. Eit unntak er Det XXI Nordiska Historikarmötet i Umeå i 1991, der eit av hovudtema var ikkje-skriftlege kjelder. Sett bort i frå dette føretaket, er det ikkje så mange andre stader ein finn denne koplinga. Etnologar har tradisjonelt vore flinkare til å bruka visuelle kjelder; avhandlinga til Oddbjørg Reiakvam Bilderøyndom – røyndomsbilde. Fotografi som kulturelle tidsuttrykk, er eit godt eksempel på dette. Eg har difor sett meg nøydd til å gå til kunsthistoria for å finna metoden for bildeanalysane. Problemet med desse er at dei er laga for eit anna fag, og dei vil dermed berre delvis hjelpa meg som historikar. Dette skal vi gå meir inn på i kapittel 3, der det vil bli ein diskusjon omkring det kjeldeproblematiske, samt ein presentasjon av analysereiskapa eg vil nytta i analysen.

Frå 1993 til 1997 pågjekk det eit tverrfagleg forskingsprosjekt om nasjonal identitetsutvikling på 1800-talet. Prosjektet, som var ein del av Norges forskningsråd sitt KULT-program (Kultur- og tradisjonsformidlande forskning), var leia av Øystein Sørensen og hadde som mål å finna ut korleis den norske identiteten blei danna. Resultatet er 21 publikasjonar frå ulike fag, mellom anna fleire hovudoppgåver og doktoravhandlingar. Hovudtemaet mitt føyer seg delvis inn i denne tradisjonen, ikkje minst sidan dette har vore eit tverrfagleg prosjekt der svært ulike typar kjelder har vore brukt. Prosjektet blei avslutta med ei artikkelsamling utgitt i 1998 med tittelen Jakten på det norske.

Grunnen til at eg valde å publisera oppgåva mi på Internett, er det visuelle kjeldematerialet. Dette er, etter mi meining, naudsynt for å kunna visa fram 28 plansjar med tilhøyrande tekstar. Eg har difor filma Norske Folkelivsbilleder med eit digitalt kamera og laga ei web-utgåve av boka. I web-utgåva av denne hovudoppgåva vil ein, når ein les analysen i kapittel 4, samstundes sjå på bilda i den høgre ramma på skjermen. For å få best utbytte av analysane, vil dette vera å tilrå. Første gongen tittelen på eit bilde blir nemnt, er det laga ei lenke på tittelen, slik at det aktuelle litografiet kjem fram i ramma til høgre. Ved å klikka vidare på lenka under bildet, vil ein koma vidare inn i den digitale utgåva av Norske Folkelivsbilleder der ein kan lesa teksten som er skriven til bildet. Min eigen tekst har eg skrive på tradisjonell måte; eg har brukt referansar i teksten, medan ein ved å klikka på fotnotane vil få opp ei lita ramme med fotnoteteksten som ein lett klikkar bort igjen.

 

Førre del | Neste del