CHR. TØNSBERG
Som vi var inne på i innleiinga, var Tønsberg ein forleggjar som utmerka seg i forhold til fleire instansar. Vi skal i dette kapittelet gå nærare inn på den særstillinga Chr. Tønsberg oppnådde som forleggjar. Ingen andre av hans kollegaer på denne tida var så kjend som Tønsberg og forlaget hans var kjend langt ut over Noregs grenser. Kven var denne mannen som oppnådde slik suksess og korleis fungerte forlaget hans? Innleiingsvis skal vi sjå på Tønsberg med biografiske briller, før vi skal sjå på kva denne særstillinga i forhold til statsmaktene gjekk ut på, og då særleg med omsyn til Stortinget.
Frå tjuagut til kongens venn
Nils Christian Tønsberg (1813-1897) var fødd i Bergen. Allereie i ungdomen var han aktiv på mange område, noko som skulle vara heile livet. I tillegg til å vera tilsett på ulike kontor i Bergen, hadde han frå 1832-34 ein ubetalt lærarpost ved Bergens Søndagsskole (Halvorsen 1901: 837). Samstundes studerte han om kvelden. I følgje Norsk biografisk leksikon var han "meget av et overskuddsmenneske med tid og krefter til å yde mer enn de fleste" (Jansen og Anker 1975: 253). Som 26-åring flytta han i 1839 til Christiania med kone og tre barn der han 6 år seinare tok juridisk embetseksamen med beste karakter. I følgje Tveterås sat Tønsberg allereie på dette tidspunktet med innbringande forretningar som styrar av dødsbu, auksjonsforretningar, eigedomssal og ulike kommisjonar (Tveterås 1986: 248). I tillegg til dette hadde Tønsberg i 1844 overteke eit auksjonslokale i Kongens Gade 10, noko som gjorde at han kom i gang med sal av etterlatne boksamlingar og restlager frå forlag og liknande.
Årsaka til at han opphavleg kom i kontakt med forlagsbransjen var ganske enkel den at det med restlagra ofte følgde forlagsrett. I tillegg overtok han den juridiske litteraturen til forlaget Guldberg & Dzwomkowski då det blei oppløyst i1844 (Tveterås 1986: 248). I studietida hadde han ergra seg over at det fanst så få lærebøker for jussfaget og som eit resultat av dette bestemte han seg for å utnytta forlagsretten han hadde til å trykkja førelesingane til nokre av universitetslektorane. Etter denne forsiktige starten, gav han først ut ulik juridisk litteratur på sitt eige forlag og i 1845 kom det for første gong ut skjønnlitteratur på Chr. Tønsbergs Forlag.
I 1840-åra var Tønsberg blitt ein del av kultureliten i Christiania. Namnet hans var stadig nemnt i avisene og byens borgarar visste nok kven han var.[2] Han var fleire gongar på ball hos kongen og han vanka blant kunstnarar, forfattarar, musikarar, stortingsrepresentantar og andre.[3] Innan denne kretsen fekk han mange vener og kontaktar, noko som gjorde at han kunne bruka dei beste malarane og forfattarane ved utgiving av bildeverka. Det at Tønsberg var ein del av det kulturelle og politiske miljøet, gjorde at han blei sett på som ein outsider i forlagsmiljøet. Når han i tillegg klarte å få i stand store prosjekt som til dømes Norske Folkelivsbilleder, er det sannsynleg at det var ein del misunning blant kollegaene hans. I eit brev som malaren J. F. Eckersberg[4], skreiv til venen og forleggjaren P. F. Steensballe, får vi eit eksempel på dette. Eckersberg skriv:
Jeg saa i Morgenbladet at Tønsberg har en god Andmælder av den nye Udgave av Norge i Tegninger, ved Du hvem det er? Jeg tænker det er en Mand som ei har gjordt det for Ingenting. (Eckersberg 1948: 72)
I 1851 var Tønsberg med og stifta Den norske Bokhandlerforening, men rauk uklar med J. W. Cappelen og gjekk ut av foreininga allereie i 1855 (Tveterås 1986: 254). Forleggjaren Johan Dahl uttalte seg til kollegaen Frederik V. Hegel etter konkursen i 1864 om summen av det Tønsberg sat igjen med. Han er tydeleg skrekkslagen over den grove forsøminga Tønsberg har vist forlaget, økonomisk sett. "Jeg har aldri seet Magen til Sligt, og her kan man vel med Rette sige "Skomager bliv ved din Læst"" (Sitert i Tveterås 1986: 256). Tønsberg har etter alt å døma vore svært klar over denne misnøya frå kollegaene, han gjekk trass i alt ut av Den norske Bokhandlerforening etter berre fire år. Nedanfor skal vi dessutan sjå at det var meir bråk i vente for Tønsberg.
Chr. Tønsberg var òg ein del av det øvre sosiale sjiktet ved at han blei utnemnt som konsul og generalkonsul for ei rekkje statar. Allereie i 1854 blei han utnemnt til bayersk konsul i Noreg, ei stilling han hadde heilt til 1870. Tre år seinare følgde Mecklenburg etter og utnemnde han til generalkonsul (1857-1864). Med dei ulike bildeverka hadde Tønsberg skaffa seg eit namn ute i Europa, særleg i eit par av dei tyske statane. Han blei utnemnt til konsul for Colombias forenede Stater i 1878 (til 1892), der han frå 1889 var generalkonsul. I tillegg var han generalkonsul for Liberia frå 1879 til 1888 og Romania frå 1881 til 1886. Med desse titlane følgde det mykje status. Tønsberg var ein ambisiøs mann som ikkje låg på latsida når det gjaldt å skaffa seg kontaktar. At han først blei konsul for eit par tyske statar, var forretningsmessig meir naturleg enn at han blei konsul for Colombia. Særleg dette siste tilfellet viser oss i kor stor grad Tønsberg var engasjert for å oppnå sosial status. Det var tydelegvis andre som også meinte at Tønsberg streva hardt for å få desse utmerkingane, noko Tønsberg sjølv nekta for. I Morgenbladet blir det dementert at det er Tønsberg sjølv som har søkt om å få dette vervet, slik bladet Krydseren hadde påstått. Redaktøren i Morgenbladet opplyste om at
Hr. Tønsberg ikke har ansøgt dette Embedet, og ikke heller paa nogen anden direkte eller indirekte Maade andraget derom, men at Embedet blev oprettet og tilbudt Hr. Tønsberg af den Bayerske Regjering som et Erkjendtlighedsbeviis for flere udviste Tjenester. (Morgenbladet 1854, nr. 170)
På 1860-talet blei økonomien i forlaget hans dårlegare og dårlegare, og han innsåg at det ikkje kom til å gå særleg lang tid før han måtte gi opp heile føretaket. I 1861 søkte han seg difor inn i eit embete som tollkasserar i Tvedestrand. Han blei tilsett august 1861 og begynte 1. juli 1862. I 1874 søkte han permisjon frå embetet og sa deretter opp stillinga si. Han grunngav oppseiinga med at stillinga var overflødig. Då han blei pensjonist flytta han tilbake til Christiania og tok på 1870- og 80-talet opp igjen forleggjarverksemda.
Chr. Tønsberg hadde ein personlegdom som på mange kunne verka svært hovmodig, og han innsåg ikkje at stjerna hans var dalande etter konkursen på 1860-talet. Han heva hovudet høgt uansett kva som skjedde, sjølv under tvangsauksjonen. Når han i tillegg hadde ein tendens til å gå til Stortinget for å få hjelp, blei mange irriterte:
Hans selvbevisste og myndige fremtreden irriterte ofte hans kolleger. Han kunne vise en litt provserende stolthet, som etter hvert, da det gikk dårlig med forlaget, utviklet seg til ytre forfengelighet. (Tveterås 1986: 254)
I Morgenbladet kjem denne misnøya til uttrykk, det blei stadig vekk sendt inn lesarinnlegg som omhandla den særbehandlinga Tønsberg fekk. I eit brev til Henrik Ibsen i 1866, klagar Tønsberg på "den Mishandling af Ondskab og Misundelse, som jeg nu i de sidste Aar har lidt" (BS 200: Tønsberg til Ibsen, 24.11.1866). Dette har tydelegvis gått djupt inn på han, og i åra som tollkasserar heldt han seg i større grad borte frå søkelyset. Helsa hans blei stadig verre, noko som var ein medverkande faktor til at han sa opp embetet. Men Tønsberg klarte heile tida å halda på den posisjonen i samfunnet han hadde oppnådd, særleg gjekk det betre då han som pensjonist igjen tok opp forlagsverksemda (Tveterås 1986: 258). På sine eldre dagar fekk Tønsberg problem med synet og blei etter kvart nesten blind. I 1891 måtte han gi opp forlagsverksemda på grunn av det dårlege synet. Han døydde i Christiania 6. februar 1897 etter ei tids sjukeleie.
Chr. Tønsbergs Forlag
Sjølv om det var juridisk litteratur Tønsberg opphavleg var oppteken med, var det nasjonal litteratur som gjorde forlaget hans kjend. Tønsberg var ein nær venn av Henrik Wergeland og, i følgje Tønsberg sjølv, var det Wergeland som gjorde at han begynte å gje ut skjønnlitteratur. Samstundes påpeikar Tveterås at Tønsberg uttalte dette då han var godt oppe i åra og hadde eit stort behov for å understreka kor viktig denne vennskapen hadde vore for han (Tveterås 1986: 249). Det er derimot ikkje tvil om at dei to verkeleg var gode venner; då Wergeland blei sjuk i 1844 var det forleggjaren som tok seg av diktaren sine økonomiske og praktiske problem (Tveterås 1986: 249). Tønsberg overtok også forlagsretten på Hasselnødder av Wergeland og gav boka ut på eige forlag ei veke etter vennens død i 1845. Henrik Wergeland var ein mann med mange og sterke meiningar om det meste, og det er difor sannsynleg at entusiasmen hans omkring det norske smitta over på Tønsberg. Etter at Wergeland var gått bort, såg Tønsberg det som ei personleg oppgåve å vidareføra nokre av dei tankane vennen hadde stått for.
I tillegg til Hasselnødder, overtok Tønsberg forlagsretten på ei rekkje av dei største bokverka på den tida, mellom anna Henrik Wergeland sine Samlede Skrifter, Det norske Folks Historie av Peter Andreas Munch og Magnus Brostrup Landstad sine Norske Folkeviser. Det norske Folks historie var det største verket han gav ut, til saman om lag 6600 sider. Også eit par andre skjønnlitterære forfattarar kom over på Tønsberg sitt forlag, mellom dei Maurits Hansen og Andreas Munch. Seinare var Camilla Collett og Henrik Ibsen innom forlaget, men ingen av dei blei verande, for på det tidspunktet var Tønsberg komen i økonomiske vanskar.
Chr. Tønsberg var ein forleggjar med mange kreative idear som han sette ut i livet. Med dei kontaktane han hadde i det kunstnariske miljøet i Christiania, samla han litterære og kunstnariske krefter og gav ut ulike bildeverk. Sjølv om Wergeland hadde vore oppteken av bildeverk (Tveterås 1986: 252), skal Tønsberg ha fått ideen til desse nasjonale bildeverka under eit besøk i Wien i 1846. Der møtte han mange menn med svært lite, og ikkje minst feil kunnskap om Noreg, og han bestemte seg difor for å gjera noko med det. Ved å gi ut bildeverk med tekst på ulike språk, håpa han å korrigera nokre av desse vrangførestellingane. Dessutan låg det i tida å kombinera ulike kunstformer slik Tønsberg gjer det i desse plansjeverka, noko vi kjem tilbake til i det neste kapittelet. Han sikta seg inn mot ein større marknad ved å inkludera Europa, noko ingen andre våga på denne tida. Det første av plansjeverka med tre ulike språk, var Norge fremstillet i Tegninger som kom ut frå 1846 til 1848.[5] Deretter gav han ut Christiania og Omegn. Tolv lithograherede Billeder (1850) og to år seinare Norske Nationaldragter. I 1854 kom som nemnt Norske Folkelivsbilleder ut for første gong. Desse bildeverka blei gitt ut samstundes med at han gav ut noregshistoria og Wergeland sine samla skrifter, noko som vitnar om enorm arbeidskapasitet og organisasjonsevne. Chr. Tønsbergs Forlag var på denne tida eit av dei største i Norden, og det første norske forlaget som blei lagt merke til ute i Europa (Jansen og Anker 1975: 256). Ser vi på kva type verk Tønsberg tar på seg å gi ut, er svært mange av dei bøker som er ein naturleg del av nasjonsbyggingsfasen. Dette kan tyda på at han såg på det som ei oppgåve å gi ut denne typen verk.
Økonomisk forsøming
Som vi såg ovanfor, søkte Tønsberg seg inn i embetsverket då forlaget for alvor begynte å slita med økonomien. Samstundes med at han var tollkasserar i Tvedestrand, prøvde han å selja unna mesteparten av forleggjarverksemda gjennom eit par utloddingar i 1862 og -63. Innbydingane blei trykt i ulike aviser i hovudstaden, og begge gongane hadde han 5000 lodd og 5000 gevinstar (Morgenbladet 1862, nr. 54 og 1863, nr. 28). Gevinstane var samlingar av bøker, bildeverk, diktsamlingar og juridisk litteratur, der førstepremien åleine var verdt 100 Spd. Verdiane på gevinstane varierte frå 100 Spd. til 36 Skilling.[6] Kvart lodd kosta 1 Spd. slik at alle lodda var garantert gevinst. Sjølv om ideen var god, blei ikkje utloddingane nokon stor suksess for Tønsberg. I 1862 blei han ikkje kvitt lageret og prøvde med ei ny utlodding i 1863, men denne siste blei utsett ei stund fordi det var for få påmelde. Etter to utloddingar sat han framleis med store lager av bøker, bildeverk og ulike forlagsskrifter.
Konkursen i 1864 og tvangsauksjonen deretter kom difor ikkje som noko overrasking på folk. Allereie i 1862 hadde Bjørnstjerne Bjørnson ivra for å få ei reorganisering av Tønsberg sitt forlag; han var svært imponert over det Tønsberg hadde fått til. I eit brev til Tønsberg skriv forfattaren at
Jeg har stor Agtelse for det, De har gjort for norsk Literatur, jeg har en ikke mindre for den Gavmildhed, hvormed De har udstyret vore Folkebibliotheker; jeg kjender og vurderer Deres Tjenestevillighed hvor det gjælder norsk Kunst. Dette vil jeg alt sammen bemerke fordi De ikke skal tro Andet end at jeg gjerne stod i Forbindelse med Dem, ja under visse Omstændigheder maaske vilde anse det som min Pligt. (BS 6: Bjørnson til Tønsberg, 04.10.1862)
Men Bjørnson var allereie på Gyldendal forlag i Danmark og var i følgje brevet, svært nøgd med eigaren Frederik V. Hegel. Bjørnson prøvde å få Hegel til å kjøpa Chr. Tønsbergs Forlag fordi han meinte at dei andre bokhandlarane i Christiania boikotta Tønsberg sine forsøk på å få seld forlaget til ein rimeleg pris. I staden ville dei ville venta på ein eventuell tvangsauksjon der alt ville bli seld svært billeg (Tvereås 1986: 255). Sett i samanheng med at dei andre forleggjarane i Christiania ikkje var spesielt begeistra for Tønsberg, er det ikkje overraskande at dei valde denne taktikken. Endeleg hadde dei ein sjanse til å visa kven som verkeleg kunne faget. Mykje av det som blei kjøpt på tvangsauksjonen blei seinare seld vidare til forleggjarar i København. Samstundes begynte den nye generasjonen forfattarar, dei som seinare skulle utgjera Noregs gullalder innan litteratur, å inngå avtalar med danske forlag. Dei norske forleggjarane likte sjølvsagt ikkje dette, og la skulda over på Tønsberg personleg (Tveterås 1986: 256). Uansett var det klart at det i Christiania ikkje fanst forleggjarar som kunne fylla den plassen Tønsberg hadde hatt.
Før han gjekk konkurs i 1864, fekk han også gitt ut Berømte Nordmænd (1853-1856), Oscarshal (1856), Axvalla-Album (1858), Bondeliv i Norge (1861) og Udvalgte Norske Folkelivsbilleder i 1864. Etter at Tønsberg sa opp stillinga si som tollkasserar i Tvedestrand i 1874 starta han som nemnt på nytt opp med forlagsverksemd, men denne gongen i mykje mindre skala. På 1870-talet gav han på ny ut ei rekkje bildeverk, kunstnaralbum og reisebøker.
Tønsberg og statsmaktene
Tønsberg hadde eit svært godt forhold til statsmaktene og då særleg til Stortinget. Gong på gong støtta dei han økonomisk i ei tid då andre kunstnarar sleit med å få statsstøtte til andre prosjekt.[7] Kva gjekk denne støtta ut på og korleis argumenterer dei for at dei gir Tønsberg spesialhandsaming? Som vi skal sjå, gjekk ikkje dette heilt upåakta hen for folk i hovudstaden. Kva var reaksjonane på at Tønsberg fekk sydd puter under armane? Innleiingsvis skal vi sjå litt på kva Stortinget bidrog med, før vi ser på kva regjeringa og kongehuset hjelpte han med.
Prosjektstøtte frå Stortinget
I følgje Tveterås (1986: 254) og Morgenbladet (1856, nr. 246) var Tønsberg på så god fot med Stortinget at han fekk støtte til spesifikke bokprosjekt han gav ut. Særleg gjaldt dette prosjekt av nasjonal karakter, som til dømes P. A. Munchs Det norske Folks Historie. I 1856 innvilga Stortinget Tønsberg eit rentefritt lån på 700 Spd. til utgivinga av dette storverket. Nettopp på grunn av storleiken innsåg Tønsberg at eit tap på prosjektet var uunngåeleg. Departementet var under handsaminga av denne saka "( ) nærmest bevæget ved Hensynet til, at det var umuligt paa Forhaand at danne sig nogen bestemt Formening om Værkets Omfang og saaledes ogsaa om Understøttelsens Størrelse." (Morgenbladet 1856, nr. 246). Som vi skal sjå i neste kapittel, er historieverk ein vesentleg nasjonsbyggjande faktor, og særleg viktig i Noreg på 1800-talet.
Same år søkte Tønsberg også Stortinget om økonomisk støtte til eit anna enkeltverk. Denne gongen var det Landstads Norske Folkeviser det gjaldt. Tønsberg hadde overteke dette verket i 1852, men hadde på dei fire åra som var gått, berre tapt pengar på verket (400 - 500 Spd.) (Morgenbladet 1856, nr. 246). Han tilbaud Stortinget eit avslag på 25% dersom dei ville kjøpa inn verket. Ut frå referatet i Morgenbladet går det fram at 200 eksemplar skulle kjøpast inn for ein sum på 375 Spd. I søknaden nemnte Tønsberg mellom anna at i Danmark hadde Selskabet til den danske Literaturs Fremme subsidiert Grundtvig si nye utgåve av danske kjempeviser med 6000 Rbdlr. (Morgenbladet 1856, nr. 246). Når Tønsberg hadde teke på seg å gi ut eit liknande verk i Noreg, meinte han at han kunne krevja litt støtte frå Staten. Også dette verket går tydeleg inn i arbeidet med å skapa ein norsk identitet. Kirkedepartementet framheva i sitt forslag til Stortinget det storarta arbeidet Tønsberg hadde gjort for utgiving av norsk litteratur. Landstads Norske Folkeviser ville nemleg i
( ) særdeles Grad at egne sig til Uddeling blant Almuebibliotheker, ligesom ogsaa Exemplarer af samme bør tildeles de andre offentlige Indretninger og Bibliotheker, navnlig de høiere Undervisningsanstalter, der pleie at nyde godt af deslige Inkjøb, og de enkelte Exemplarer tillige lages til Anvendelse for de Bytteforbindelser, der ere indledede med fremmede Lande. (Morgenbladet 1856, nr. 246)
I motsetnad til førre gong han fekk støtte frå dei folkevalde, ville dei ikkje denne gongen gi han eit rentefritt lån, men altså kjøpa inn eksemplar i staden.
I 1891 søkjer Tønsberg igjen Stortinget om støtte til Det norske Folks Historie av P. A. Munch. Denne gongen tilbyr han Staten å overta forlags- og eigedomsretten på dette verket, noko han allereie tilbaud i søknaden til Stortinget i 1872. I følgje Tønsberg er historieverket utseld og sidan ingen andre forleggjarar vil ta på seg ansvar for å gi det ut på nytt, meiner han at Staten bør ta på seg oppgåva. I innstillinga frå Budsjettkomiteen er dei ikkje negativ til ein slik tanke, men avslår søknaden, "( ) da Værket vistnok endnu er tilgjængeligt nok i Forhold til Behovet." (St.forh. 1891, inst. 102, s. 327)
Sidan dette var støtte til spesifikke bokprosjekt som i stor grad var med på å dokumentera norsk historie og kulturarv, var det ikkje så overraskande at Stortinget gjekk med på å støtta Tønsberg økonomisk. Som vi skal sjå i neste kapittel, var dette ein periode prega av at den styrande eliten var på jakt etter ein nasjonal kultur som skulle samla innbyggjarane kulturelt, og samstundes redusera skilnadene mellom embets- og bondekulturen. Bokverk av denne typen som Tønsberg gav ut, var svært viktig i denne prosessen, noko som grunngir kvifor dei støtta forleggjaren økonomisk i desse tilfella. Men sjølv om desse verka klart går inn i nasjonsbygginga, er det ikkje dermed sagt at Norske Folkelivsbilleder gjer det same, noko vi skal finna ut i kapittel 4. Det er altså ikkje så uventa at Tønsberg fekk støtte til desse nasjonale bokverka, derimot er det litt meir spesielt at han fekk eit lån frå Statskassen. Ut frå Tveterås, ser det ikkje ut til at dei andre forleggjarane fekk støtte til sine prosjekt (1986: 222).
Lån frå Statskassen
Som vi har sett ovanfor var Tønsberg sitt forlag i økonomiske vanskar allereie mot slutten av 1850-talet. Det var særleg eit par store verk som tyngde økonomien, mellom anna P. A. Munch si noregshistorie og Henrik Wergeland sine samla skrifter. Difor søkte Tønsberg Stortinget i 1857 om eit lån på 6000 Spd. frå Statskassen. I Stortingsinstillinga frå same år blir søknaden grunngitt med at han som forleggjar i 15 år har drive med "( ) Forlagsboghandel for udelukkende norske Værker ( )" (St.forh. 1857, inst. 22, s. 49). Vidare står det at:
Han har ikke blot besørget prisvillige Arbeider af Vigtighed i det juridiske Fag, men ogsaa med pecuniaire Anstrængelser, betydelig Resico og uden nogen tilsigtet eller opnaaet Fordel stillet sig i Spidsen for større Værker af national Interesse, der i en ikke ringe Grad har bidraget til at vække Udlændingens Opmærksomhed paa vort Fædreland, dets Nationalitet og Naturskjønheder.[8] (St.forh. 1857, inst. 22, s. 49).
På plansjeverka hadde Tønsberg åleine hatt eit utlegg på 21 000 Spd. berre 13 000 hadde han tent inn igjen. Tidlegare hadde Stortinget vore liberal når det gjaldt å støtta nyttige føretak, og Tønsberg håpa at dei også i dette tilfellet ville gi ei hjelpande hand. Han får innvilga eit lån på 5000 Spd. med ein rentefot på 4 prosent og livsforsikringspolisane[9] som garanti for lånet. Tilbakebetalinga skulle skje over ti år med to innbetalingar à 250 Spd. i året. Samstundes var Budsjettkomiteen klar over at desse livspolisane ikkje var tilfredsstillande, men kom fram til at Tønsberg si forleggjarverksemd var så nyttig og oppmuntrande at det ville bli eit stort tap for den unge norske litteraturen dersom forlaget blei lagt ned. Dermed foreslår komiteen at Statskassen tar på seg denne risikoen for at Tønsberg framleis skal kunna delta på forlagsarenaen. Budsjettkomiteen meiner faktisk at
Flere af de ved Ansøgeren udgivne Værker er af den Beskaffenhed at Storthinget rimeligvis vilde have fundet sig bevæget til at bevilge et Bidrag af Statskassen til deres Udgivelse, om dette i Forveien havde været søgt, og Øiemedet ikke paa anden Maade havde været at opnaa. (St.forh. 1857, inst. 22, s. 50)
Vi ser altså at Budsjettkomiteen meiner det er eit nasjonalt ansvar å støtta den typen litteratur som blir gitt ut på Tønsberg sitt forlag. Dei er, litt overraskande, klare for å betala for å gi ut slike verk. Sjølv om dette ikkje var støtte som var øyremerka spesifikke utgivingar, er det tydeleg at Stortinget stolar på Tønsberg og det arbeidet han gjer. Dei er svært nøgde med den type litteratur han har vald å konsentrera seg om, ikkje minst dei flotte plansjeverka som også var populære i utlandet. Dermed vil dei hjelpa Tønsberg med å motverka, i alle fall utsetja, ein eventuell konkurs.
Stadige reduksjonar
Då Stortinget gav Tønsberg lånet i 1857, hadde dei nok ikkje rekna med å få så mykje med Tønsberg å gjera som dei faktisk fekk i åra som følgde. Fem år etter at Tønsberg hadde fått innvilga lån frå Statskassen, sendte han nemleg ein ny søknad til Stortinget, denne gongen søkte han om å få redusert dei årlege innbetalingane på lånet. I innstillinga frå Budsjettkomiteen kjem det fram at det no berre gjenstår 2500 Spd. av lånet, altså halvparten av det han lånte i 1857 (St.forh. 1862-63, inst. 61, s. 257).[10] Tønsberg grunnar søknaden om redusert betaling med at han ikkje vil bruka lånet frå Statskassen til å avvikla forlaget sitt, men i staden vil han prøva å halda verksemda i gong, "men efter en saa indskrænket Maalestok som muligt" (St.forh. 1862-63, inst. 61, s. 258). Stortinget går med på å redusera avdraga til 75 Spd. med 4 % rente to gongar årleg.
Berre to år etter dette sender tollkasseraren ein ny søknad til Budsjettkomiteen (St.forh. 1865-66, inst. 16, s. 29-30). Han har nyleg gått konkurs og har problem med å få betalt både avdraga på lånet i tillegg til kreditorane sine. Embetsinntektene hans dekkjer ikkje alle desse utgiftene i tillegg til at dei skal dekka forsørginga av familien hans. Han søkjer om å få betala to årlege avdrag på 50 Spd. med renter, men Stortinget følgjer Budsjettkomiteen si innstilling og vedtek at avdraga blir to årlege avdrag på 75 Spd. utan rente.
Perioden etter konkursen var tydelegvis svært vanskeleg, økonomisk, for fire år etter den førre søknaden, sender han endå ein ny til Budsjettkomiteen. Det er framleis reduserte avdrag han søkjer om, no ønskjer han å betala 100 Spd. i året. Grunnen var at han
( ) i August Maaned 1866 maatte paa Grund af hans ved Sinds- og Næringssorger nedbrudte Helbredstilstand søge Tjenestefrihed i sit Embete, hvilken naadigst indvilgedes ham uden forøget Udgift for Staskassen indtil 1ste August d. A., da han igjen overtog Bestyrelsen af sit Embete, samt at Netto-Indtægten af dette, paa Grund af indtraadt Reduction i Toldsatserne og den mere og mere stedfindede Indførsel af fortoldede Varer, nu neppe udgør 700 Spd. aarlig, en Sum, hvormed han, uden nogensomhelst anden Biindtægt, som Familieforsørger har vanskeligt for at slaa sig igjennem paa et saa dyrt Levested som Tvedestrand. (St.forh. 1868-69, inst. 20, s. 55)
Resultatet blir at han får redusert innbetalingane til 50 Spd. utan rente to gongar i året. Ordlyden i desse to siste innstillingane frå Budsjettkomiteen er ikkje lenger like positiv når det gjeld Tønsberg. Dei poengterer ikkje lenger kva godt han har gjort for den norske kulturen, men det er reine økonomiske fakta omkring Tønsberg sitt lån som dominerer.[11] Når komiteen likevel går inn for at Tønsberg bør få denne reduksjonen i innbetalinga, er det fordi dei framleis har livspolisane hans som garanti. Dersom Tønsberg skulle gå bort før han har fått betalt ned lånet, er det "( ) Udsigt til at faa hele Restbeløbet indbetalt paa engang." (St.forh. 1868-69, inst. 20, s. 56).
Etter fire nye år sender Tønsberg endå ein søknad til Stortinget om lånet. Denne gongen ønskjer Tønsberg å få fritak for rentene på resten av lånet og i tillegg få utsetjing på avdragsbetalinga frå 11. juni 1871 (St.forh. 1872, inst. 84, s. 388-390).[12] Restkapitalen på lånet utgjer i februar 1872 berre 1 875 Spd. Inntektene som tollkasserar hadde gått kraftig ned; i 1872 tente han berre 698 Spd. Etter å ha betalt avdrag på lån, avdrag til enkekassen og premie på livspolisen, har han berre 431 Spd. igjen til å forsørga familien med. I tillegg har han ein legeattest på at helsetilstanden hans no er så dårleg at han må søkja om permisjon frå embetet sitt i Tvedestrand. Igjen vedtek Stortinget at Tønsberg skal få innfridd søknaden sin på bakgrunn av dei opplysningane som er komen fram.
Kvifor støtta Stortinget han no som han ikkje hadde noko forlag lenger? Først og fremst har nok dette samanheng med at dei gav lånet i 1857 til Tønsberg som representant for Chr. Tønsbergs Forlag. Etter konkursen hadde han ikkje lenger noko forlag og heller ikkje noko grunnlag for å betala lånet tilbake. For at dette ikkje skulle gå ut over familien[13] som Tønsberg forsørga fekk han desse utsetjingane på lånet. Stortinget hadde framleis livspolisane hans som garanti, men var klar over at dei ikkje ville dekka heile lånet. Då Tønsberg døydde i 1897, skulda han Statskassen framleis kr. 7438,47. Livspolisane hans blei verdsett til 1400 kroner.[14] Ut frå dei etterlatne papira i Tønsberg sitt dødsbu, verkar det som om inntektene frå auksjonen 15. mars 1897 over Tønsberg si etterlatne malerisamling, samling av bøker og plansjeverk m.m., var til inntekt for å sletta det resterande lånet frå Statskassen.
Diskusjon omkring pensjonen
I 1874 søkjer Tønsberg om avskjed frå embetet med pensjon, noko han også får innvilga. Pensjonen blir fastsett av Gagekomiteen til å vera på 400 Spd. i året (St.forh. 1875, innst. 17, s. 23). Då saka kjem opp i Stortinget blir det lange diskusjonar omkring denne summen (Stortingstidende 1875: 23-26). Det er stortingsrepresentant Sverdrup som ønskjer å gi Tønsberg ein litt høgare pensjon enn det Gagekomiteen har føreslått. Komiteen meinte at sidan han berre hadde vore embetsmann i 13 år, var denne summen rettferdig. Fleirtalet på Stortinget, med Sverdrup i spissen, meinte likevel at Tønsberg, på grunn av det fantastiske arbeidet han hadde gjort for norsk litteratur, fortente ein pensjon på 500 Spd. i året. Mykje flott blir sagt om Tønsberg og berre éin stortingsrepresentant tek til orde for at pensjonen bør forbli 400 Spd. (mot 6 som talar for Tønsberg). Dermed blir det vedteke at pensjonen til Tønsberg skal vera på 500 Spd. årleg (Stortingstidende 1875: 23). Det å få auka pensjonen ser ut til å vore svært vanleg, men det var heller få som fekk eit så stort tillegg som 100 Spd (St.forh. 1875, St.prp. nr. 9, s. 4-15)[15]. Igjen kan ein lura på kvifor Tønsberg får økonomisk støtte, denne gongen vil støtta i alle fall gå indirekte til forlagsdrift, sidan han på dette tidspunktet igjen har begynt å gi ut bildeverk og kunstbøker.
Som vi no har sett, hadde Tønsberg eit heilt spesielt forhold til Stortinget. I tida mellom 1845 og byrjinga på 1870-talet stod bondeopposisjonen svakt på Stortinget, noko som heilt klart var ein viktig faktor for at Tønsberg fekk så mykje støtte som han gjorde i desse åra. Hadde bondeopposisjonen med sin sparepolitikk stått samla desse åra, hadde sjansane til å få innvilga søknadene sine vore mindre. Likevel verkar det som om Stortinget til tider er litt lei av Tønsberg sitt tilsynelatande evige mas, eit eksempel på nettopp dette såg vi i Stortingsinnstillingane frå 1865-66 og 1868-69 der Budsjettkomiteen ikkje lenger var like positiv i omtalen av Tønsberg som dei var tidlegare og også seinare. Likevel hadde Tønsberg vore ein så viktig støttespelar i nasjonsbyggingsfasen at Stortinget fortsette å støtta han. Men det var ikkje berre Det norske storting som støtta Tønsberg, også regjeringa var positiv innstilt til han.
Verbalt bråk etter utnemninga til Tollkasserar
Chr. Tønsberg blei 1. august 1861 utnemnt av regjeringa som tollkasserar i Tvedestrand. Av 23 søkarar til embetet var det Tønsberg som trakk det lengste strået og blei innstilt på førsteplass av departementet.[16] Regjeringa følgde denne innstillinga. Etter at dette blei kjend, var det ein heftig diskusjon i Morgenbladet om kvifor Tønsberg hadde fått dette embetet. Ein anonym innsendar i avisa (Morgenbladet 1861, nr. 213) viser tydeleg at Tønsberg sin popularitet er dalande; innsendaren skriv at utnemninga har skapt stor misnøye blant folk i byen. Ingen skjønar kvifor Tønsberg, heilt utan renommé, kunne få denne posten,
( ) dersom det ikke skulde være det Ønske hos Regjeringens Medlemmer at blive kvit en byrdefuld Supplikant og at slippe for under sine Øine at have gaaende en Mand, der gjør Fordringer som diplomatisk Agent, og som vil behandles med Opmerksomhed ved de officielle Repræsentationer en Opmerksomhed, som det medgive vi gjerne det maa ha været vanskeligt at vise, og for hvilket Besvær man dog engang vil befries endogsaa med Opoffrelser. (Morgenbladet 1861, nr. 213)
Desse ofringane var, etter innsendaren si meining, alt for store i dette tilfellet. Tønsberg manglar forretningssans og har heller ingen kvalifikasjonar som peikar i retning av at han burde få denne stillinga. Innsendaren meiner at den norske regjeringa favoriserer eit par utanforståande menneske som dermed får alt for stor makt. Særleg er han opprørt over at Tønsberg blei utnemnt som generalkonsul av to tyske statar berre fordi han sendte dei flotte bildeverk.
Eit par dagar seinare kjem det eit nytt lesarinnlegg i Morgenbladet (1861, nr. 215), også denne innsendaren er i mot utnemninga av Tønsberg til tollkasserar. Han er svært nøgd med den førre innsendaren og Morgenbladet som trykte innlegget. "Ulykken kommer i nærværende Tilfælde fra Storthinget, som letsindigen gav efter for Tønsbergs Bønner, hvorfor man sagde, at ikke een eneste Storthingsmand personligen forskaanedes." I ettertid var det, i følgje denne innsendaren, mange stortingsrepresentantar som angra på at dei hadde stemt for Tønsberg og at denne saka var til skam for Stortinget. Han meiner vidare at folket vil mista all respekt for Stortinget etter denne saka, skylda ligg ikkje berre hos fleirtalet som stemte for Tønsberg, men også hos mindretalet som ikkje nemnte noko om dette då saka blei vedteken. Denne innsendaren heldt tydelegvis ikkje tunga rett i munnen då han skreiv dette innlegget, han klagar på stortingets menn, medan det faktisk var departementa og regjeringa som avgjorde saka.
Då eg ikkje har funne grunngivinga for utnemninga i regjeringa, får vi berre eit hint om dette gjennom innsendarane sine syn i Morgenbladet. Etter alt å døma tar dei ikkje heilt feil. Tønsberg var ikkje berre svært viktig for utviklinga av ein norsk kultur her heime, men hadde i tillegg vore ein utmerka ambassadør for Noreg. At han blei innstilt på første plass framfor mange andre som hadde vore betre kvalifikasjonar, er kanskje ikkje så uventa.
Eit par år seinare er det igjen ein diskusjon om Tønsberg i Morgenbladet.[17] Denne gongen er problemet at Tønsberg framleis fungerer som konsul for eit par statar samstundes som han er tollkasserar i Tvedestrand. Innsendaren lurar på korleis han kan rekkja over alt dette, i og med at han som konsul bør vera tilgjengeleg i Christiania og som tollkasserar i Tvedestrand. Tønsberg svarar at han heilt fint klarar å passa begge embeta, grunnen til at han er såpass ofte i byen er ganske enkelt den at han framleis slit med å avslutta forlagsverksemda si.
Desse innlegga viser at sjølv om dei ulike statsmaktene støtta Tønsberg, var ikkje dette alltid tilfelle hos avislesarane. Om det var ei utbreidd misnøye med statsmaktene eller misunning på Tønsberg som låg bak, er ikkje godt å seia. Det at Tønsberg heile tida klarte å få støtte som ingen andre fekk, må ha verka provoserande på ein del, ikkje minst kollegaene innan forlagsbransjen. Innsendarane er anonyme, men ein skal ikkje sjå bort frå at det kan vera nokon med tilknyting til forlagsbransjen som stod bak. Uansett var det nokon som tydelegvis var ute etter å sverta Tønsberg.
Utmerkingar frå kongehuset
Chr. Tønsberg hadde også nære kontaktar til kongefamilien. Fleire gongar inviterte Karl XV han på hoffball (Tveterås 1986: 54) og av Oscar I fekk han i 1847 gullmedaljen memoriae pignus. Medaljen var
(...) et Tegn paa hans Majestæts Anerkjendelse af Hr. Tønsbergs fortjenstfulde Udgivelse af Værket: "Norge, fremstillet i Tegninger". Paa Medaillens ene Side er hans Majestæts Brystbillede og paa den anden Ordene "Memoriae pignus" omgivet af en Lauberkands, samt omkring Kanten: "Chr. Tønsberg, Graminarus juris". (Morgenbladet 1847, nr. 307)
Tidlegare hadde Enkedronninga tildelt Tønsberg "(...) en stor Sølvmedaille med hendes Brystbillede" (Morgenbladet 1847, nr. 307) i samband med at Tønsberg gav ut ei samling med Wergeland sine lyriske dikt.
Som vi tidlegare har sett, var ikkje Tønsberg sine bildeverk berre meint for eit norsk publikum, men også for ein utanlandsk lesarkrets. For kongen var det positivt at Noreg blei framstilt på denne flotte måten ute i Europa. Dessutan var det etter tilhøva eit avslappa forhold mellom nordmennene og svenskekongen på denne tida. Difor var det nok ikkje så provoserande for kongen at det her i Noreg blei gitt ut slike nasjonale verk som understreka det spesifikt norske.
Vi har i dette kapittelet sett litt på Nils Christian Tønsberg som person og kva rolle han spelte i det offentlege livet i Christiania. Han reiste frå Bergen til Christiania for å ta embetseksamen i jus, men enda opp som den viktigaste forleggjaren på 1850-talet. Chr. Tønsbergs Forlag var ikkje berre viktig i Noreg, men var det første norske forlaget som blei kjend utanfor Norden. Tønsberg satsa alltid stort; tekstane i plansjeverka er omsett til både tysk og engelsk, eit par også til fransk. Som forleggjar opparbeidde han seg ei høg sosial stjerne som han tviheldt på, både i medgang og motgang. Dette irriterte særleg kollegaene hans og i tillegg oppnådde Tønsberg ein unik posisjon hos statsmaktene og kulturpersonar som ingen av dei andre fekk. Han hadde eit enormt pågangsmot og søkte særleg Stortinget om hjelp gong på gong. Som vi såg, fekk han det som oftast slik han ville. Han blei lønna for dei sjansane han våga å ta på vegne av den norske litteraturen, noko statsmaktene sette stor pris på. I kapittel fire skal vi sjå nærare på kva dette kan seia oss om Tønsberg sine intensjonar med Norske Folkelivsbilleder, men først må vi sjå litt nærare på forholdet han hadde til forfattarane og malarane som hjelpte han med å få realisert dette plansjeverket.